Hervik, Nedrebø, Gjerland: Dronning Ingerid og bisp Nikolas.
Dronninga og bispen.
I perioden 1130 - 1240 herja borgarkrig i Noreg. I denne perioden kjempa ulike kongsemne og parti om makta i landet. Frå Stårheim i Nordfjord kom ei mektig ætt som spelte ei viktig rolle i denne kaotiske borgarkrigstida i Noreg. Denne boka handla om dronning Ingerid, som vart gift for fjerde gong med lendmannen Arne på Stårheim, og deira son, bisp Nikolas Arnesson. Desse to var framståande personar i storpolitiske hendingar gjennom nesten heile borgarkrigstida.